Sjette samling i CRPD-nettverk Vestland

Sjette samling i CRPD-nettverk gjekk av stabelen 30. november og var digital.
Samlinga  omhandla Helseoppfølging kapittelet i rettleiaren «Gode helse og omsorgstenester til personer med utviklingshemming»

Vi fekk denne dagen høyre gode innlegg frå lokale aktørar som har hatt strålande prosjekt på ulike tiltak for fremme helseoppfølging,  Elisabeth Larsen frå Statsforvalteren viste til tilsyn som er gjort der manglande bruk av Ask gir dårlegare helse , Oddbjørn Hove snakka om forekomst og behandling av psykiske lidingar. Pårøranderepresentant frå NFU, Evy Skogdal, holdt eit sterkt innlegg om sine erfaringar med å vere pårørande til ein som får kreft. Og Karina og Jelyn frå Christiegården dagsenter fortalte oss om sine erfaringar med bruk av Mitt sykehuspass. I tillegg var det mange andre gode faginnlegg som var relevant for helseoppfølging i tenestene og gode tips om kvar ein kan finne meir informasjon og materiell for å øke helsekomptanse og gi bedre helseoppfølging til person med utviklingshemming.

Tusen takk til alle som bidrog til at dette blei ein lærerik og fagleg spennande dag.

Naku har også laga ein fagartikkel om nettverket vårt og om Austevoll sitt arbeide med CRPD. Les den her

Lenker og ressursar : 

Norsk institutt for menneskerettigheter- kurspakke for kommuner

Krafttak for menneskerettigheter- pressemelding

Kartleggingsbanken

Primærhelseteam

Tannhelse i Radøy kommune

Karde- min egen helse

Naku- rapport pasientopplæring for pasienter med utviklingshemming

Pyskodedukasjon til personar med utviklingshemming

Mitt sykehus pass