CRPD-nettverk Vestland

USHT Vestland (Sogn og Fjordane) og USHT Vestland (Hordaland) har fått midlar frå Barn- ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) til å starte og drive fagnettverk for tenesta til personar med utviklingshemming.

Fagnettverket CRPD skal gå over to år og fagpersoner frå 34 kommunar i Vestland fylke er invitert til å delta.

Anne Marte Sølsnes frå USHT (S&F) har gått i lag med Siv Bjønnum frå USHT (H) og satt i gang samarbeidet. Dei fortel oss litt om motivasjonen:

- Å arbeide med fagnettverk ut mot tenestene til personar med utviklingshemming er litt nytt for oss i USHT Vestland Sogn og Fjordane og Hordaland. Då er det sjølvsagt viktig med eit godt samarbeid slik at vi kan spele på kvarandre. Vi trur at gjennom å dekke eit større område, så vil vi få inn fleire perspektiv og meir erfaring. Det vil betre kvaliteten på fagnettverket. Det er også positivt for kommunane at vi slår oss saman på tvers av dei gamle fylkesgrensene. Det gir moglegheit for fleire og betre løysingar, til dømes for ulike tilbod til målgruppa.

Kvifor er eit fagnettverk med fokus på FN-konvensjonen om rettar til menneske med nedsett funksjonsevne (CRPD) og den nye rettleiaren viktig?

Fleire styrande dokument frå dei siste åra har peikt på manglar og utfordringar i tenestetilbodet til personar med utviklingshemming og deira familiar. Det peikar og på at personar med utviklingshemming ikkje får dekka grunnleggjande rettar. Dette ønskjer fagnettverket å gjere noko med.

Det er no kome ein rettleiar som bygger på CRPD og vi ønskjer å hjelpe kommunane med å konkretisere nasjonale føringar og samtidig styrke fagpersonar si gjennomføringsevne til krava i rettleiaren.

Kva betyr CRPD?

CRPD er den engelske forkortinga for FN-konvensjonen om rettane til menneske med nedsett funksjonsevne. CRPD slår fast at menneske med nedsett funksjonsevne har dei same rettane som alle andre. Norske myndigheiter har vore forplikta til å følge konvensjonen sidan Norge ratifiserte den i 2013. CRPD forpliktar både kommunar og tenesteytar, og derfor er det av avgjerande betydning at fagfolk som jobbar for personar med utviklingshemming har grunnleggande kjennskap til konvensjonen.

KS har også nettopp starta eit læringsnettverk ut mot tenestene til personar med utviklingshemming, kva skil dykkar fagnettverk frå KS sitt læringsnettverk?

Nettopp det du peikar på - vi startar eit fagnettverk med fokus på faget, og målgruppa for vårt fagnettverk er fagpersonar som arbeider med fagutvikling i tenestene. KS sitt nettverk rettar seg mot kommunalsjefar og leiar , og har meir fokus det overordna styringsnivået. Vi er kjempe glade for at også KS set fokus på desse tenestene og vi arbeider tett saman slik at desse nettverka ikkje er konkurrerande med kvarandre, men heller utfyllande.

Korleis planlegg dykk gjennomføring?

Fagnettverket vil bestå av fire samlingar i året over ein toårsperiode. Sjølve samlingane vil bli gjennomført annankvar gang som fysisk lunsj til lunsj samling, og digital samling. Fagnettverksmøta vil innehalde både forelesningar med fokus på rettar, fagleg tilnærming, erfaringsdeling, samt gruppearbeid og ferdigheitstrening i fagleg grunngjeving av tiltak.

Kven bør delta i nettverket?

Personane vi ønsker skal delta i fagnettverket bør ha ein rolle i det faglege arbeidet knytt til tenester til personar med utviklingshemming. Ettersom alle kommunane har ulik organisering av tenesta, vil det være ulike typar stillingar som vil være aktuell for deltaking i fagnettverket. Fagkoordinatorar, fagleiar, fagrådgjevar, einingsleiarar og fagansvarlege miljøterapeutar kan vere døme på stillingar som vi ønsker inn i fagnettverket.

Kvifor bør ein delta?

Det er mange gode grunnar til å delta i nettverket:

  • Fagleg påfyll og inspirasjon.
  • Inngåande kjennskap til den nasjonale føringar og faglege anbefalingar på feltet.
  • Råd om korleis vurdere eigne teneste opp mot lovkrav og faglege anbefalingar.
  • Rettleiing i innføring av nye tiltak lokalt.
  • Lære av erfaringsdeling.
  • Tilgang til eit nettverk av fagpersonar i regionen samt fleire fagmiljø som deltar i prosjektgruppa

Korleis kan du delta?

Vi har invitert til eit informasjonsmøte den 15. juni. Dersom du ønskjer å delta på dette møtet, send ein mail til oss så sender vi deg lenke.

Frist for påmelding til nettverket 16.august.

Påmeldingslenke finn du her

Det vil og komme informasjon på USHT sine sider og Statsforvalteren sine sider. Om du lurer på noko ta kontakt med Siv Bjønnum eller Anne Marte Sølsnes.

15.6.22 Var det eit digitalt informasjonsmøte om CRPD-nettverk Vestland.

Presentasjonen frå møtet