Utviklingssenter for sjukeheimar og heimetenester i Sogn og Fjordane

Utviklingssenter for sjukeheim og heimetenester (USHT) er ei nasjonal satsing som skal bidra til å styrke kvaliteten i helse- og omsorgstenestene. Det er utviklingssenter i kvart fylke i landet. I Sogn og Fjordane er Førde kommune vertskommune for ordninga.

Kontoradresse
Vi held til i 4.etg i Førde rådhus, Hafstadvegen 42

«Utvikling gjennom kunnskap»

Visjonen til USHT er "Utvikling gjennom kunnskap". Målgruppa er først og fremst leiarar og tilsette i sjukeheim og heimebaserte tenester i kommunane i fylket. Vi bidreg i kvalitetsarbeidet gjennom:

  • fag- og kompetanseutvikling
  • spreiing av ny kunnskap, nye løysingar og nasjonale føringar

Overordna satsingsområde

USHT skal bidra til utvikling innanfor nasjonale satsingsområde, med utgangspunkt i lokale behov. Dei overordna satsingsområda er:

  • Utvikling i samarbeid med pasientar, brukarar og pårørande
  • Fagleg omstilling i tenestene
  • Den nye heimebaserte tenesta
  • Fornying og innovasjon

Samfunnsoppdraget skal løysast ved å:

  • legge til rette for samarbeid og kunnskapsdeling mellom kommunane gjennom nettverk og arena for leiarar og tilsette
  • bidra til utvikling av kunnskapsbasert praksis
  • bidra til innovasjon og nye løysingar, og implementering av desse
  • tilby råd og rettleiing, metodar og verktøy i fagutviklings- og forbetringsarbeid
  • medvirke til og tilrettelegge for forsking som er praksisnær og relevant for kommunale helse- og omsorgstenester

Du finn meir informasjon på den nasjonale heimesida til USHT.

USHT Sogn og Fjordane sine satsingsområde

Kvart utviklingssenter definerer eigne mål og satsingsområde innanfor ramma av nasjonale føringar. Våre hovudaktivitetar er innanfor:

  • Demensomsorg
  • Velferdsteknologi
  • Pasienttryggleik
  • Fagnettverk innan eldremedisin/eldreomsorg
  • Miljøbehandling i eldreomsorga
  • Lindrande behandling
  • ABC-oppæringsmodell
  • Forsking/tilrettelegge for forsking

Du kan elles lese meir om dei ulike prosjekta og aktivitetane i "Handlingsplan 2017 (PDF, 493 kB)",  eller ved å bruke menyen - Satsingsområde.

Publisert av Anita Hustveit Zadig. Sist endra 20.11.2017 av Marit Kleiven
Fann du det du leita etter?
bilde av personen: Marta Strandos
Arbeidsleiar
bilde av personen: Berit  Ullebust
Kreftkoordinator
bilde av personen: Anita Hustveit Zadig
Utviklingskoordinator
Utviklingskoordinator
 
 
Login for redigering