Digital opplæringspakke for helsefagarbeidarar i lindrande behandling og omsorg ved livets slutt

For å auke kompetansen i lindrande behandling og omsorg ved livets slutt har Høgskolen i Innlandet, på oppdrag frå Helsedirektoratet, utvikla ein digital opplæringspakke. Målgruppa er helsefagarbeidarar, hjelpepleiarar og arbeidstakarar utan formell kompetanse som arbeider i sjukeheim, heimetenester eller tenester til psykisk utviklingshemma.

Opplæringspakken inneheld fire emne, der deltakarane skal tileigne seg fagstoffet på eiga hand. Det er stort fokus på refleksjon i gruppe etter kvart emne, og gruppesamlingane skal leiast av ein mentor frå eigen arbeidsplass.

Organisering og rettleiing

For å starte med opplæringspakken må leiar etablere ei gruppe på 5-6 tilsette og ein eller to mentorar. Dette kan vere ei gruppe frå ei avdeling, eller på tvers av fleire avdelingar/einingar. Nyutdanna sjukepleiarar eller andre aktuelle kan også delta på opplæringspakken, men 50% av gruppa bør vere helsefagarbeidarar.

Utviklingssenteret tilbyr individuell rettleiing for mentorar eller erfaringsdeling på tvers av kommunar. Ressurssjukepleiarar i lindrande behandling og kreftomsorg har kompetanse innan temaet, og kan vere aktuelle mentorar for gruppesamlingar på eigen arbeidsplass. 

Opplæringspakken krev ein lisens på kr 350 +mva. per deltakar/mentor. Tilgangen er gyldig i eitt år. Lisens vert fakturert arbeidsgjevar etter påmelding.

Påmelding til opplæringspakken:

Påmelding her

Kontaktperson påmelding, Lucie Furulund, Høgskolen i Innlandet, e.postadr. lucie.furulund@inn.no

For rettleiing til mentorar eller meir informasjon kontakt: 

Berit Ullebust, Utviklingssenteret e.postadr: berit.helen.ullebust@sunnfjord.kommune.no

Mobil 94824254

Kontakt

Berit Ullebust
Kreft- og utviklingskoordinator
E-post
Telefon 57 61 28 18
Mobil 94 82 42 54