Omlag 100 deltakarar frå 11 kommunar deltok då USHT Sogn og Fjordane arrangerte oppstart av opplæringspakken; Velferdsteknologiens ABC.

Førde kommune har saman med USHT gjennomført eit utviklingsarbeid for å betre samarbeidet med pårørande. Fagbladet har laga ein fin artikkel frå Førde helsetun: "Pårørande til pasienar på sjukeheimen er ikkje urimelege".

Rapporten som omtalar funna frå evalueringa av traineeprosjektet er no publisert. Resultata vart presentert på Fjordkonferansen i Ålesund 21.-22. juni. Prosjektet er eit samarbeid mellom Helse Førde, kommunane Førde og Flora, og Høgskulen på Vestlandet. Eit traineeprogram for sjukepleiarar som går på tvers av kommune- og spesialisthelseteneste, er så langt vi kjenner til, det einaste av sitt slag i landet.

Oppsummert viser evalueringa at traineeane

  • har fått auka samhandlingskompetanse og større forståing for heilskapen i helsevesenet
  • vert fagleg og personleg tryggare
  • rapporterar høg grad av individuell læring

Ei runde med traineeprogram er for lite til at ein kan seie at samhandlinga mellom tenestenivåa er vesentleg betra, men det er semje om at eit slikt program vil vere eit godt bidrag på sikt. Det er samstundes eit potensiale i avdelingane å nytte kunnskapen traineeane har tileigna seg.

Ordninga med eit traineeprogram for nyutdanna sjukepleiarar er over i drift frå 2017.

"ABC Muikkbasert miljøbehandling" er eit opplæringstilbod som integrerer musikk, song og bevegelse i miljøbehandling. USHT arrangerer fagseminar for oppstart av denne ABC-permen:

Stad: Thon Jølster hotell, Skei

Dato: 26.sep., kl 10:00 til 16:00

Påmeldingsfrist: 5.sep.

Felles påmelding frå kvar kommune, på e-post til Marta Strandos: mast@forde.kommune.no

For 2018 har vi planlagt felles oppstart i Sogn og Fjordane for ei rekke permar. Om kommunane ynskjer oppstart av andre permar enn dei som er skissert her, tek ABC-kontakten direkte kontakt med utviklingssenteret. 

Det er ABC-kontakten sitt ansvar å vidareformidle informasjon om ABC-opplæring, og drøfte eventuell oppstart med leiarane i sin kommune. 

Opplæringspakken Velferdsteknologiens ABC er utarbeidd av SINTEF og Høgskolen i Sørøst-Norge, på oppdrag frå KS og Helsedirektoratet. Utviklingssentra har i sitt oppdrag å bidra til utrulling av ABC-en.

I 2015 deltok 4 kommunar i fylket i piloteringa av ABCèn, og hausten 2017 starta 12 kommunar på opplæringspakken.

Utviklingssenteret er no klar med nytt oppstartseminar for våren 2018.

Programmet og foilar frå presentasjonane finn du i høgremenyen

Tema på samlinga var ernæring.

Regionale seminar, Sunnfjord

I arbeidet med å ta i bruk velferdsteknologi er «Veikart for tenesteinnovasjon» eit viktig verktøy; ein praktisk metodikk som skal setje kommunane i stand til å endre offentlege tenester for å møte framtida.

 

Som avslutning av fase 4 i Fylkesprosjektet i velferdsteknologi inviterer vi kommunane til regionale seminar.

 

13. februar, kl. 09 - 15   Førde, Høgskulen på Vie, Festsalen

14. februar, kl. 09 - 15   Eid, Rådhuset, kommunestyresalen

15. februar, kl. 09 - 15   Sogndal, Quality hotell

 

Takk for ein fin dag på Skei 5.desember 2017. Presentasjonane frå samlinga finn du her i høgre-menyen.