SOGN OG FJORDANE ER MED!

"Nasjonalt program for velferdsteknologi" har teke opp 197 nye kommunar for spreiing av velferdsteknologiske løysingar. Ni av desse er kommunar i Sogn og Fjordane. Førde kommune er ansvarleg søkjarkommune med "Utviklingssenter for sjukeheim og heimetenester" som leiar for det interkommunale prosjektet, i tett samarbeid med Vestlandsforsking.

Det nasjonale programmet er eit samarbeid mellom KS, Helsedirektoratet og Direktoratet for e-helse, med mål om at fleire kommunar skal ta i bruk velferdsteknologi i drift. Rapportar frå programmet har vist at velferdsteknologiske løysingar kan gje auka tryggleik og betre kvalitet på tenester for brukarar, pårørande og tilsette i dei kommunale helse- og omsorgstenestene. Fleire kommunar kan også vise til meir effektiv bruk av ressursar.

Prosjektet i Sogn og Fjordane er tildelt 840 000 kr. for 2017. I tillegg til midlane får kommunane rettleiing og støtte frå det nasjonale programmet og ressurskommunar som har gjort seg erfaringar med implementering.

Kommunane som deltek er Eid, Fjaler, Florø, Gloppen, Hyllestad, Jølster, Leikanger, Luster og Førde .