Gjennomført kurs i bruk av GPS

29.september arrangerte USHT i samarbeid med Aldring og helse kurs i bruk av GPS til personar med demens. Målgruppa var tilsette i helse- og omsorgstenestene i kommunane, og 60 tilsette frå 15 kommunar deltok. Kurset er ein del av Fylkesprosjektet i Velferdsteknologi i Sogn og Fjordane og vart støtta av Fylkesmannen.

GPS har vore mykje omtala i media, og mange meiner at GPS vil gje personar med demens fridom og ein betre kvardag.

Kurset gav ei innføring i kva GPS er, korleis ein kan gå fram for å introdusere GPS til personar med demens og deira pårørande, samt korleis sikre den daglege bruken av slik teknologi.

Kurset er eit fagleg samarbeid mellom SINTEF og Nasjonal kompetansetjeneste for aldring og helse, og erfaringane frå Trygge spor-prosjektet dannar bakgrunn for innhaldet på kurset.

Føredragshaldarar:

Torhild Holthe, Aldring og helse

Erlend Aarsæther, Safecall Danmark

Tone Øderud, seniorforskar SINTEF

Sissel Eriksen, prosjektmedarbeider Drammen kommune

Sist endra 03.10.2016