Vidareføring i 2016

I fase 3 skal kommunane gå frå prosjekt og pilotar til dei første operative løysingane. Denne prosessen må bygge både på nasjonale tilrådingar, trygge teknologiske val og den opparbeidde erfaringa frå forsøka som er gjort til no i Sogn og Fjordane. 

Hovudmål

Prosjektet har som hovudmål å vidareføre det felles arbeidet med kunnskaps- og erfaringsgrunnlag for planlegging og implementering av velferdsteknologi i pleie- og omsorgstenesta i alle kommunane i Sogn og Fjordane.

Hovudmålet blir konkretisert og operasjonalisert gjennom fylgjande konkrete delmål:

Delmål 1:

Vidareutvikle og kapitalisere på felles kunnskapsutvikling og fagleg forum for alle kommunane i Sogn og Fjordane.

Delmål 2:

Vurdere og teste integrering av fagsystem og responssenter for alarmar

Delmål 3:

Mobilisering og involvering av brukargrupper

Delmål 4:

Introduksjon av gevinstrealisering og vidareføring pilotar

Delmål 5:

Prosjektleiing

Målgrupper for prosjektet

Målgruppa er både kommunar og ulike brukargrupper for velferdsteknologi.

Publisert av Zadig Anita Hustveit. Sist endra 17.11.2017