Tryggleikspakker for heimebuande og brukarar i omsorgsbustader

Eit vesentleg velferdsteknologisk bidrag til pleie- og omsorgstenestene kjem frå "tryggleikspakkar";  teknologiske løysingar som har til føremål å gjere menneske med pleie- og omsorgsbehov i stand til å bu lengre og tryggare i eigen heim. Den grunnleggande tryggleiksteknologien som allereie er etablert i kommunane er tryggleiksalarmen, normalt ein knapp som brukaren kan trykke på ved uønska hendingar som ved fall eller plutselig sjukdom, eller ved anna trong for assistanse.

Ein utvida tryggleikspakke vil inkludere fleire måtar å registrere uønskte hendingar på, som t.d. fallalarm, døralarm, sengealarm m.m. I Sogn og Fjordane er det interkommunale selskapet Alarmsentralen (i Flora) ein sentral leverandør av alarmteknologi, men det er fortsatt mange uavklarte spørsmål i høve til å integrere ein utvida tryggleikspakke i omsorgsbustader og for heimebuande.

I dette delprosjektet vil to kommunar være gjenstand for utprøving av teknologi: Årdal med tryggleikspakker for heimebuande demente, både unge og eldre, og Jølster kommune med tryggleikspakkar i omsorgsbustader for eldre. USHT og Vestlandsforsking (VF) følgjer pilotkommunane tett frå innleiande utredning og kunnskapsinnhenting, til gjennomføring og evaluering. Resultat og kunnskapsutvikling vil danne grunnlag for rapport og vegleiing til andre kommunar. Prosjektet vil bli presentert på den avsluttande konferansen.

  • Delaktivitetar: Kunnskapsutvikling, spesifisering og etablering av teknologisk løysing, utprøving, evaluering.
  • Ansvarleg: USHT Førde kommune / VF
  • Deltakarar: Årdal og Jølster kommunar.

Kontaktperson:
Kirstin Bruland, Jølster kommune, kirstin.bruland@jolster.kommune.no 
Monica Østerbø, Årdal kommune, monica.osterbo@ardal.kommune.no