For å lykkast med implementering av velferdsteknolgi i kommunane må

  • satsinga vere forankra  politisk, og på leiar- og tenestenivå
  • tilsette må ha kunnskap om velferdsteknologiske løysingar
  • brukarane må vere motiverte for å ta teknologien i bruk

Her finn de ein oversikt med klikkbare linkar til diverse materiell som kommunane sjølv kan nytte i sitt mobiliseringsarbeid til ulike målgrupper innan velferdsteknologi. Mykje av materialet er utarbeidd av Gloppen kommune i forbindelse med deira satsing på velferdsteknologi, men vi viser også til materiell utarbeidd i det nasjonale velferdsteknologiprogrammet. 

Velferdsteknologi finnast i ulike former. Noko teknologi krev tunge prosessar med tenesteinnovasjon i pleie- og omsorgssektoren, medan annan teknologi kan kjøpast på lokale varehus. Det er ei stor utfordring for kommunane å mobilisere og motivere brukarar til å ta i bruk velferdsteknologi, anten det er innanfor tenestene eller ved privat initiativ.