Eigenmedisinering

Ved bruk av elektronisk medisindispensar kan pasienten få hjelp til å meistre eiga helse i eigen heim eller omsorgsbustad.

 

Medisindispensaren vert fylt opp av heimesjukepleien og kan, avhengig av tal dosar pr. dag, fungere i inntil fire veker, ved å gjere tilgjengeleg den korrekte dosen ved bestemte tidspunkt. Dersom medisinen ikkje vert teken ut av dispensaren vert pasienten varsla med lydsignal, og med eventuelt varsel til helsepersonell eller familie. Å ta i bruk slik teknologi kan medverke til både auka kvalitet og effektivitet innan pleie- og omsorgstenestene.

  • Ansvarleg: Gloppen kommune
  • Delaktiviteter: Spesifisering og etablering av teknologisk løysning og utprøving ligg til Gloppen kommune sitt eige prosjekt, finansiert av Fylkesmannen.  Kunnskapsutvikling og evaluering er delaktivitet i prosjektet; Velferdsteknologi i Sogn og Fjordane.

Kontaktperson: Bente Sundal, Gloppen kommune, bente.sundal@gloppen.kommune.no