Aktivisering med sykkel og video

Aktiviseringsteknologi i eldreomsorga bidreg til å aktivisere, stimulere, skape engasjement og sosialt samvær for brukarane.

 

 "Sykkelprosjektet" handlar om å aktivisere og engasjere eldre gjennom ein kombinasjon av treningssykkel/ treningsapparat og video frå nærområdet som vert vist på ein TV-skjerm slik at brukaren får inntrykk av å bevege seg på kjente gater og vegar.

Denne forma for aktivisering har vist seg motiverande både i høve den fysisk aktiviteten med treningsapparatet, men også i høve det sosiale engasjementet som vert rundt filmar frå lokalmiljøet.

  • Delaktivitetar: Kunnskapsutvikling, spesifisering og etablering av teknologisk løysning, utprøving, evaluering.
  • Ansvarleg: USHT i Sogn og Fjordane
  • Deltakar: Vik kommune

Kontaktperson: Antje Elizabeth Neeleman, Vik kommune, Antje.Elizabeth.Neeleman@vik.kommune.no