Pilotering

I fase 2 ynskte prosjektet, med forankring i kommunane sin eigen organisasjon, å bringe saman kunnskapsmiljø innan pleie- og omsorg og FoU, for å utvikle og teste velferdsteknologiske løysingar i pilot-kommunar, for deretter å  kunne etablere vegleiing til dei andre kommunane i høve implementering av velferdsteknolgi.

 

Hovudmål:

Å etablere kunnskaps- og erfaringsgrunnlag for å støtte planlegging og implementering av velferdsteknologi i pleie- og omsorgstenestene i alle kommunar i Sogn og Fjordane.

Delmål 1:

Felles kunnskapsutvikling for alle kommunane

Delmål 2:

Ressursgruppe for kommunal utbygging og velferdsteknologi

Delmål 3:

Tryggleikspakkar for heimebuande og brukarar i omsorgsbustader

Delmål 4:

Meistring av eigen medisinering

Delmål 5:

Aktivisering med sykkel og video

Delmål 6:

Prosjektleiing

 

 

Kunnskap og erfaringar frå delporsjekta vart presentert på ein fylkeskonferanse i februar  2016. 

Vestlandsforsking leiar det vidare arbeidet med evaluering og dokumentasjon. Rapport vil føreligge i juli 2016.

Fase 2 av fylkesprosjektet "Velferdsteknologi i kommunane i Sogn og Fjordane" starta våren 2015. Med tittelen "Praksisnær kunnskapsutvikling og innovasjon i kommunane si pleie- og omsorgsteneste" var målet å etablere konkret kunnskap gjennom utviklingsprosjekt knytt til velferdsteknologi.

 

Konferanse velferdsteknologi 11. februar 2016

120 deltakarar møtte på Skei hotell då fylkesprosjektet «Velferdsteknologi for kommunane i Sogn og Fjordane» la fram resultata frå fase 2 av prosjektet. Konferansen omhandla erfaringar med planlegging og implementering av velferdsteknologi i 8 pilotkommunar i fylket.