Mobilisering og forankring

Prosjektet "Velferdsteknologi for kommunane i Sogn og Fjordane starta opp våren 2014 etter tildeling av fornyingsmidlar  frå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. Flora kommune var søkar, saman med Eid kommune og IT-forum Sogn og Fjordane, på vegne av alle kommunane i fylket.

 

I denne fasen skulle alle 26 kommunar mobiliserast og forankringsprosessar settast i gong. Hovudaktiviteten var å etablere ein kunnskapsbase lokalt, kartlegge status i kommunane og starte arbeidet med kompetanseoppbygging.

Fase 1 vart avslutta med eit seminar for alle kommunane.

Hovudmål

Å etablere et fylkesovergripande samarbeid om planlegging og iverksetting av velferdsteknologi i kommunane i Sogn og Fjordane.

Delmål 1

Etablere eit formidling- og samarbeidsforum for kommunane innanfor velferdsteknologi knytt til IT-forum Sogn og Fjordane

Delmål 2

Fylgje opp etablering av demonstratoraktivitetar i Flora og Eid, og bruke desse som eksempel for alle kommunane i fylket

Delmål 3

Gjennomføre brukartestar og oppsummere resultat ut frå forsøksarbeidet i dei to kommunane  

Delmål 4

Gjennomføre felles planleggingsarbeid for ei vidare satsing i alle kommunane i fylket basert på samarbeidsmodellen frå Meldingsløftet i kommunane

Delmål 5

Etablere ein felles strategi og utarbeide plan for å posisjonere kommunane inn mot større nasjonale utlysningar