Velferdsteknologi i kommunane i Sogn og Fjordane

Logo (Vestlandsforsking) - Klikk for stort bilete

It-forum (It-forum) - Klikk for stort bilete

Fylkesprosjektet - eit felles løft

Dei komande åra er det venta ei auke av eldre, saman med ei veksande gruppe av yngre brukarar av helse- og omsorgstenester, men ikkje tilsvarande auke i tal helsepersonell. Velferdsteknologi er fremja som eit av virkemidla for å møte utfordringane, og skal bidra til innovasjon og auka kvalitet i tenestene.

Satsinga i Sogn og Fjordane starta i 2014. USHT tok initiativ til eit samarbeid med ulike fagmiljø og kommunar som hadde interesse for, eller som allereie arbeidde med temaet. Det vart etablert ei prosjektgruppe under IT-forum i Sogn og Fjordane. Denne er leia av USHT, og Vestlandsforsking er sekretariat.

Fylkesprosjektet år for år

2014: Mobilisering og forankring, kartlegging av status
2015: Utvikling og testing av velferdsteknologiske løysingar i pilot-kommunar
2016: Frå prosjekt og pilotar til operative løysingar

Prosjektgruppa i 2016

  • Kari Støfringsdal, Flora kommune (Prosjekteigar v/ Terje Heggheim)
  • Anne Ruth Botn, Eid kommune
  • Anita Lothe, Gloppen kommune
  • Marta Strandos, Utviklingssenter for sjukeheim og heimetenester (USHT)
  • Liv Husabø, NAV Hjelpemiddelsentral Sogn og Fjordane
  • Ove Bjørlo, Eid vidaregåande skule
  • Beate Tollefsen, Fylkesmannen i Sogn og Fjordane
  • Joanna Galek, Høgskulen i Sogn og Fjordane
  • Hilde G. Corneliussen, Vestlandsforsking 
  • Ivar Petter Grøtte, Vestlandsforsking/IT-forum
  • Stig Igland, Helse Førde
  • Terje Brandsøy, Alarmsentralen i Sogn og Fjordane
  • Jan Olav Larssen, Energikompetansesenteret AS

USHT sine andre satsingar innan Velferdsteknologi

Universell utforming: Samarbeidsprosjekt om universell utforming og velferdsteknologi
Velferdsteknologiens ABC: Pilotering av opplæringspakke innan Velferdsteknolgi
Nettverk i Vest: Deltaking i nettverk for spreiing av det nasjonale velferdsteknologiprogrammet

Publisert av Zadig Anita Hustveit. Sist endra 03.04.2017
Fann du det du leita etter?
bilde av personen: Marta Strandos
Arbeidsleiar
Utviklingskoordinator
 
 
Login for redigering