Leiing av pasienttryggleik
Publisert 09.10.2018

12. november startar vi opp nytt læringsnettverk for "Leiing av pasienttryggleik". Invitasjon er sendt til kommunalsjefar for helse og omsorg.

 

Publisert 07.12.2017

Takk for ein fin dag på Skei 5.desember 2017. Presentasjonane frå samlinga finn du her i høgre-menyen.   

 

 

Publisert 02.10.2017

For å lukkast med pasienttryggleiksarbeid er det viktig med god kompetanse og leiarforankring på alle nivå. I samråd med kommunalsjefar for helse og omsorg i fylket, starta Utviklingssenteret opp læringsnettverk for leiing av pasienttryggleik i perioden september 2017 - mars 2018. Det var 10 kommunar som deltok, nokre med fleire team. Teama bestod av avdelingsleiarar, fagleiarar og helsepersonell i sjukeheim og omsorgsbustad. Læringsnettverket vart gjennomført med tre samlingar og videomøter mellom samlingane. Teama valde risikotavle som det tiltaket dei ynskte å innføre på sine einingar. Fleire av teama jobbar no med risikoområder som, førebygging av underernæring, førebygging av trykksår og sikker legemiddelgjennomgang.Utviklingssenteret planlegg nytt læringsnettverk i leiing av pasienttryggleik, med oppstart i november 2018.