Målet er å redusere pasientskader som følgje av feil legemiddelbruk i kommunehelsetenesta. Legemiddelgjennomgang blir brukt som ein systematisk metode for å kvalitetssikre den enkelte pasient sin legemiddelbruk og det er utarbeidd ein kunnskapsbasert tiltakspakke som skal bidra til å hindre skade.  

Samhandling for betre pasienttryggleik.

Føredragsnotatar og viktige dokument for arbeidet:

Utviklingssenteret for sjukeheim og heimetenester (USHT) i Sogn og Fjordane har saman med Helse Førde invitert alle kommunane i fylket og aktuelle avd, i helseføretaket til å delta i læringsnettverk innan to innsatsområde i Pasienttryggleiksprogrammet:

"Rett legemiddelbruk i sjukeheim"

"Førebygging av kateterassosiert urinvegsinfeksjon"

Frå første samling i læringsnettverket

  Første samling i læringsnettverk for to innsatsområde i pasienttryggleiksprogrammet: «Rett legemiddelbruk i sjukeheim» og «Førebygging av kateterassosierte urinvegsinfeksjonar».