Fall

Pasienttryggleiksprogrammet har utarbeidd ein fallførebyggande tiltakspakke som er aktuell både for sjukehus og kommunar. Utviklingssenteret i Sogn og Fjordane bistår kommunar med å implementere tiltakspakken, og den er å finne på pasienttryggleiksprogrammet si nettside. Der finn ein også  e-læringsprogram om fallførebygging for helsepersonell,erfaringar fra sjukehus og kommunar, samt utarbeidd materiell ein kan nytte.

Tiltakspakken  

 

Formålet med tiltakspakken er å redusere fall i helseinstitusjonar.

 1. Risikovurdering av fallrisiko

 2.Standardtiltak for alle pasientar med forhøga fallrisiko
- Legemiddelgjennomgang
- Hugseliste for pasientrom
- Tilsyn ved behov
- Pasient- og pårørandeinformasjon
- Oppretthalde aktivitet og trening

3. Tverrfagleg utredning

4. Individuelt tilpassa tiltak

5. Overføring av informasjon om risikovurdering og tiltak

 

Fallførebygging i kommune

 

Leiinga ved sjukeheimen i Førde kommune har sett fokus på å redusere tal fall i institusjonen.For å bidra til dette implementerer dei tiltakspakken for fallførebygging.  Ein starta først ved eining for demente for å danne seg erfaringar før ein tok til ved dei to andre einingane. Utviklingsenteret har rettleia og vore ein ressurs i arbeidet, og for å innføre tiltaka ved sjukeheimen var det viktig å:

  • Forankre arbeidet i leiinga ved den enkelte eining
  • Innhente erfaringar om fallførebyggande arbeid frå samarbeidspartar som Utviklingsenteret har
  • Opprette tverrfagleg team med fysioterapeut, sjukeheimslege, sjukepleiar og hjelpepleiar 
  • Fleire rundar med informasjon og undervisning om tiltaka til alle involverte
  • Baselinemåling av tal fall i eininga før fallførebyggande tiltak vart sett i verk
  • Kontinerlege målingar av tal fall, og fall med skade i Extranet
  • Evaluering og felles erfaringsdeling på tvers av einingar ved sjukeheimen 
Publisert av Ullebust Berit. Sist endra 30.06.2016