Førebygging og behandling av underernæring

Tiltak som styrker ernæringssituasjonen hos eldre 1 - Klikk for stort bilete

Det er anslått at kvar tredje bebuar i sjukeheim og kvar fjerde brukar av heimetenester er underernært, eller i risiko for å bli det. Ved aukande alder skjer det ei rekke endringar i kroppen, og dette har betydning for ernæringssituasjonen hos eldre.

 

Tiltakspakke for førebygging og behandling av underernæring

 

Pasienttryggleiksprogrammet har utvikla tiltakspakkar for forebygging og behandling av underernæring for sjukehus, sjukeheim og heimtenester. Tiltaka byggjer på best tilgjengeleg dokumentasjon og tar utgangspunkt i Nasjonal retningslinje for forebygging og behandling av underernæring. Tiltaka er:

  • Alle bebuarar i sjukeheim/institusjon og personar innskrevne i heimesjukepleie skal vurderast for ernæringsmessig risiko ved innlegging/ vedtak og deretter kvar månad, eller eit anna fagleg begrunna opplegg.

  • For å vurdere ernæringsmessig risiko anbefaler ein eit anerkjent kartleggingsverkty.

  • Fastlegen skal vurdere heimebuande pasientar som tilhøyrer ei risikogruppe

  • Personar i ernæringsmessig risiko skal ha ein individuell ernæringsplan med dokumentert ernæringsstatus, behov, inntak og tiltak.

Forbetring av ernæringspraksis

Høgskulen på Vestlandet og Utviklingssenteret har saman med kommunar i fylket hatt fleire samarbeidsprosjekt innan ernæring. Kommunane Askvoll, Luster, Vågsøy og Selje har innført tiltakspakken for førebygging av underermæring og kan dele av sine erfaringar. Noko av det som har vore jobba med er:

  • Systematisk kartlegging av ernæringsstatus av bebuarar på sjukeheim, og risikogrupper som bur heime
  • Ernæringsplaner
  • Internundervisning om underernæring for tilsette og kjøkkenpersonale
  • Prosedyre for god ernæringspraksis
  • Gjennomgang og tilpassing av måltidsrytme på sjukeheim