Pasienttryggleiksprogrammet

Det nasjonale pasienttryggleiksprogrammet har som hovudmål å redusere pasientskader, samt bygge varige strukturar for pasienttryggleik og forbetre pasienttryggleikskulturen i helsetenesta. Programmet innfører konkrete forbetringstiltak på utvalde innsatsområder, der fleire er aktuelle for kommunar. Kvart innsatsområde har tiltakspakkar med dokumenterte tiltak som er klare til å innføre i helsetenestene.

Pasienttryggleik i kommune - Klikk for stort bilete

Spreiing til kommunane i Sogn og Fjordane

Utviklingssenteret skal legge tilrette for spreiing av innsatsområda i Pasienttryggleiksprogrammet. Dette blir gjort ved å arrangere fagdagar, læringsnettverk, videomøter og individuell rettleiing for kommunane. Det vert lagt stor vekt på erfaringsdeling mellom deltakande team og metodar for forbetringsarbeid. 

Sjå også informasjon på satsingsområde: Fagnettverk eldremedisin.

Forbetringsmodell for praksis - Klikk for stort bilete

 

bilde av personen: Berit  Ullebust

Berit Ullebust

Kreftkoordinator
Telefon : 57 61 28 18
Mobil: 948 24 254