Leiing av pasienttryggleik


Utviklingssenteret arrangerer andre læringsnettverk i leiing av pasienttryggleik. Læringsnettverket går over sju månader med tre samlingar og videomøter mellom samlingane. Læringsnettverket har fokus på at deltakarane skal innføre tavlemøte i eigen praksis i løpet av denne perioden.

 

På første samling den 12.11.18 var det 51 deltakarar frå kommunane Bremanger, Fjaler, Førde, Gaular, Gulen og Luster. 

Berit Ullebust ynskte velkommen til læringsnettverket, etterfulgt av Anne Eli Wangen frå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, som snakka om leiing og kvalitetsforbetring i helse- og omsorgstenesta. Stabsleiar Harald Næss frå Tønsberg kommune fortalte oss om kva tiltak dei hadde gjort for å verte ein pasientsikker kommune. Til slutt fekk vi eit innblikk i pasienttryggleik i praksis. Avd.spl Karianne Magnussen og ergoterapeut Emma Petursdottir frå Stiftelsen Metodistkirkens Alders- og Sykehjem i Bergen, fortalte om si erfaring om innføring av tavlemøte.

Presentasjonar frå denne samlinga finn du i menyen til høgre.

Vi kjem attende med dato for samlingar og videomøte på denne sida.

 

Næss - Klikk for stort bilete Metodisthjemmet3 - Klikk for stort bilete Metodisthjemmet1 - Klikk for stort bilete