Fylkesprosjektet i Velferdsteknologi - regionale samlingar "Ein dag i rundkøyringa".

Som avslutning av fase 4 i Fylkesprosjektet i velferdsteknologi inviterer vi kommunane til regionale seminar.

 

13. februar, kl. 09 - 15   Førde, Høgskulen på Vie, Festsalen

14. februar, kl. 09 - 15   Eid, Rådhuset, kommunestyresalen

15. februar, kl. 09 - 15   Sogndal, Quality hotell

 

Fylkesprosjektet har i denne fasen hatt fokus på å kartlegge status i kommunane, å sjå på samhandlinga med Alarmsentralen, og å spreie verkty for systematisk implementering av velferdsteknologi. Samstundes deltek 9 kommunar i fylket (Spreiingsprosjektet) i det Nasjonale Velferdsteknologiprogrammet. Dei er no i gang med å implementere teknologi i tråd med nasjonale retningsliner. Det er erfaringane frå Fylkesprosjektet og Spreiingsprosjektet vi no ynskjer å dele med alle kommunane i fylket.

Hovudtema for seminara:

  • Nasjonale tilrådingar med regionale tilpassingar
  • Verkty for planlegging og implementering av velferdsteknologi
  • Samhandling mellom Alarmsentralen og kommunane (roller og ansvar)

Frå å «presentere» til å «involvere»

Det blir eit praktisk retta seminar der arbeidsgruppa i fylkesprosjektet og representantar frå  spreiingskommunane i din region vil halde korte innlegg med bakgrunn i nasjonale retningsliner og eigne erfaringar med «Veikart for tenesteinnovasjon». Dette vert utgangspunkt for dialog rundt borda der ein samstundes prøver ut nyttige verkty for implementering av velferdsteknologi.  

Målgruppe:

Leiarar og andre ressurspersonar innan helse og omsorg, lokale prosjektgrupper for velferdsteknologi, IT/teknisk i kommunane, brukar- og interesseorganisasjonar. Maks 5 frå kvar kommune (7 frå spreiingskommunar).

 

Deltakaravgift:  kr. 200,-        Påmeldingsfrist: 30.januar

Lenker til påmelding er sendt pr. e-post til aktuelle deltakarar.

 

Om du har spørsmål kontakt:

Marta Strandos, tlf.415 26 416

Anita H. Zadig, tlf 950 80 254