"Glimt" - Astrid Wittersø

Nettverket Miljøbehandling i eldreomsorga inviterte til fagdag med musikk som hovudtema onsdag 27. september på Skei i Jølster. Vi tilbydde to seminar der det eine var oppstartsseminar for ABC Musikkbasert miljøbehandling.

På "Den gode samtalen" møtte 49 deltakarar frå 14 kommunar.

På ABC Musikkbasert miljøbehandling deltok 39 tilsette frå 4 kommunar.

Omlag 50 deltakarar frå 12 kommunar deltok på konferansen: SAMAN - brukar og pårørandmedverknad i eldreomsorga. Konferansen på Skei var ein fagdag i nettverket Miljøbehandling i eldreomsorga

22.september avvikla Fylkeskommunen, Høgskulen i Sogn og fjordane  og USHT konferansen "Når orda sluttar", om musikk og musikkterapi i eldreomsorga. Omlag 80 personar frå 11 kommunar deltok på konferansen som var ei samling i nettverket Miljøbehandling i eldreomsorga, og samstundes oppstart for dei kommunane som ynskte å delta i opplæring i  ABC Musikkbasert miljøbehandling.

Nettverket Miljøbehandling i eldreomsorga starta opp igjen med ein temadag 12. april 2016. Innhaldet i samlinga var miljøbehandling med digitale verktøy, etikk og verdigheit. Det var 50 deltakarar tilstades. 11 kommunar var representert, høgskulen, fylkeskommunen, eldreråd og pensjonistlag. Programmet la opp til presentasjonar av konkrete tiltak og aktivitetar, praktiske øvingar og fagleg påfyll.

Neste temadag blir til hausten med fokus på musikk.