Resultat frå prosjektet "Frivillig sektor sitt bidrag i helseomsorg" er publisert i Tidsskrift for omsorgsforsking. Sjå lenke i høgre marg. Artikkelen er skriven av førstelektor Aud Berit Fossøy, Høgskulen på Vestlandet.

I samandraget står det: "Frivillige samt private og offentlege aktørar står bak mange ulike aktivitetar der eldre menneske er målgruppa. Fleire av desse kulturprosjekta er støtta av offentlege midlar. Denne studien utforskar aktørane sine bidrag i eit kulturprosjekt for eldre. Korleis aktørane erfarer og forstår eldre si deltaking i prosjektet vert vektlagt...Til saman syner funna kva dette tyder for eldre sin identitet og for eldre som integrert individ. Aktørane i kulturprosjektet erfarte at når kunnskap og erfaring igjen blir viktig, får den eldre bekrefta sin verdi og opplever å bli verdsett. Slike erfaringar var viktige for aktørane sin motivasjon til å fortsette dette arbeidet."

USHT Sogn og Fjordane er ein av samarbeidspartane i prosjektet.