Nettverket Miljøbehandling i eldreomsorga

Nettverket er ein arena for læring og erfaringsdeling, og legg til rette for å heve kompetanse og utvikle miljøbehandling i kommunane i Sogn og Fjordane. Målet er engasjerte tilsette med evne til å formidle kunnskap på eigen arbeidsstad, motivere og setje i gang tiltak.

Utviklingssenteret driv nettverket saman med Sogn og Fjordane fylkeskommune og Høgskulen i Sogn og Fjordane. Nettverksperioden 2012-2014 gav ei innføring i ulike innfallsvinklar på miljøbehandling gjennom forelesing, konkret metodikk og erfaringsutveksling. Som ein del av programmet arbeidde deltakarane fram ein miljøplan for sin arbeidsstad.

Rapporten gjev utfyllande informasjon om aktivitet, evaluering og vurderingar.

Vidareføring og ny start i 2016

Nettverket held fram og hadde ein ny start med konferansen " Digitale verkty i miljøbehandlinga" 12. april. Det er god interesse frå kommunane, og saman med klare sentrale føringar for å prioritere dette feltet gjev det rom for vidare aktivitet.

Samordne tilbod

Samarbeid om nettverket gjer det mogeleg å samordne fleire tilbod og aktivitetar overfor kommunane:

  • "LEV VEL -  aktive seniorar". Prosjekteigar Flora kommune.
  • ABC Musikkbasert miljøbehandling
  • Velferdsteknologi - aktivitet og sosial kontakt

Aktivitet i nettverket

Det er lagt opp til to fagdagar i året:

  • Vår: Tema blir valgt ut frå aktualitet lokalt og nasjonalt
  • Haust: Musikkterapi/musikkbasert miljøbehandling

Målgruppe

Tilsette innan pleie- og omsorg, helse, kultur, bibliotek. Representantar frå eldreråd og pensjonistlag.

bilde av personen: Marta Strandos

Marta Strandos

Arbeidsleiar
Telefon : 57 61 26 54
Mobil: 415 26 416