For 2018 har vi planlagt felles oppstart i Sogn og Fjordane for ei rekke permar. Om kommunane ynskjer oppstart av andre permar enn dei som er skissert her tek ABC-kontakten direkte kontakt med utviklingssenteret. 

Det er ABC-kontakten sitt ansvar å vidareformidle informasjon om ABC-opplæring, og drøfte eventuell oppstart med leiarane i sin kommune. 

Opplæringspakken Velferdsteknologiens ABC er utarbeidd av SINTEF og Høgskolen i Sørøst-Norge, på oppdrag frå KS og Helsedirektoratet. Utviklingssentra har i sitt oppdrag å bidra til utrulling av ABC-en.

I 2015 deltok 4 kommunar i fylket i piloteringa av ABCèn, og hausten 2017 starta 12 kommunar på opplæringspakken.

Utviklingssenteret er no klar med nytt oppstartseminar for våren 2018.

Programmet og foilar frå presentasjonane finn du i høgremenyen

Tema på samlinga var ernæring.

Som avslutning av fase 4 i Fylkesprosjektet i velferdsteknologi inviterer vi kommunane til regionale seminar.

 

13. februar, kl. 09 - 15   Førde, Høgskulen på Vie, Festsalen

14. februar, kl. 09 - 15   Eid, Rådhuset, kommunestyresalen

15. februar, kl. 09 - 15   Sogndal, Quality hotell

 

For å lukkast med pasienttryggleiksarbeid er det viktig med god kompetanse og leiarforankring på alle nivå. I samråd med kommunalsjefar for helse og omsorg i fylket, startar USHT opp læringsnettverk for leiing av pasienttryggleik. Første samling var på Scandic Sunnfjord Hotell 25. september 2017.Det var 63 påmelde til samlinga, og 15 team jobbar no med tiltak innan leiing av pasienttryggleik.

"Glimt" - Astrid Wittersø

Nettverket Miljøbehandling i eldreomsorga inviterte til fagdag med musikk som hovudtema onsdag 27. september på Skei i Jølster. Vi tilbydde to seminar der det eine var oppstartsseminar for ABC Musikkbasert miljøbehandling.

På "Den gode samtalen" møtte 49 deltakarar frå 14 kommunar.

På ABC Musikkbasert miljøbehandling deltok 39 tilsette frå 4 kommunar.

Mitt livs ABC

"Mitt livs ABC" er ein ny undervisningsperm frå "Aldring og helse" der målgruppa er alle tilsette som yter tenester til born, unge, vaksne og eldre med utviklingshemming.

Våren 2017 starta omlag 120 tilsette i 10 kommunar opp med permen, og no ynskjer fleire kommunar å gå i gang. 

USHT Sogn og Fjordane vil i samarbeid med Vaksenhabilitering i Helse Førde og Flora kommune difor tilby to nye oppstartseminar hausten 2017.

58 deltakarar frå 15 kommunar i Sogn og Fjordane og frå Helse Førde møtte på samlinga som hadde tema "Akutt funksjonssvikt".

Velkomen til sluttkonferanse for fase 3 i fylkesprosjektet "Velferdsteknologi i kommmunane i Sogn og Fjordane" som vert arrangert i Stryn 28. februar.

Program og påmelding er no klart.

Gloppen kommune ynskjer å starte opp med basispermen "Aldring og omsorg" på ny-året i 2017. Er det andre kommunar i Nordfjord som også ynskjer å delta så ta kontakt med utviklingssenteret ved Anita.