Sjukepleiestudenten forskar i sjukeheim

Å syne studentar samanhengen mellom forsking og utdanning er sentralt for at studentar skal nytte og forstå forsking. Difor er det eit mål at alle studentar får høve til å utføre forsking, for å få innsikt i faget, fagleg utvikling samt evne til kritisk tenking.

Som eksempel på korleis studentane kan involverast i forsking er sjukeheimen valgt som forskingsarena, medan studentane har praksisperiode. Studentane skal i samråd med praksislærar og kontaktsjukepleiar utføre kartlegging av ADL (aktivitetar i dagleglivet) status hjå bebuarar i sjukeheimar i Sogn og Fjordane.

Måla med prosjektet er å:

  • utvikle ein metode for å involvere sjukepleiestudentar i forsking.
  • kartlegge ADL hjå bebuarar i sjukeheim ved å inkludere studentar.
  • utvikle nyttig kunnskap om eldre i sjukeheim.

Studien nyttar Barthels indeks i kartlegginga av ADL. Barthels indeks er eit skjema med ti spørsmål som kartlegg eting, bading, personleg hygiene, påkledning, blære- og tarmfunskjon, toalettbesøk, forflytning, mobilitet og trappegang.

Prosjektet er leia av Høgskulen på Vestlandet, campus Førde. Prosjektleiar er Anne Marie Sandvoll. USHT Sogn og Fjordane deltek i prosjektgruppa og som deltakande forskar. 

Prosjektperiode: 2015-2017

bilde av personen: Marta Strandos

Marta Strandos

Arbeidsleiar
Telefon : 57 61 26 54
Mobil: 415 26 416