Leiing av kvalitet og tryggleik i primærhelsetenesta

SAFE-LEAD: Improving quality and safety in primary care. 

Er du komfortabel med å la foreldra dine vere pasientar i primærhelsetenesta, dersom leiarane manglar kompetanse og verktøy som skal syte for sikker drift? Dette er ofte tilfelle ved norske sjukeheimar og heimeteneste, og behovet er stort for å gjere leiarane betre i stand til å jobbe systematisk med kvalitet og tryggleik.

SAFE-LEAD Primary Care prosjektet bygger på resultata av den siste EU FP7 prosjektet QUASER. Prosjektet vil tilpasse, gjennomføre og evaluere eit forskingsbasert kvalitets- og tryggleiksverktøy (QUASER-guide) i den norske primærhelsetenesta.

Hovudføremålet med studien er å bygge leiarkompetanse innan kvalitet og tryggleik i primærhelsetenesta og slik støtte leiarane i deira arbeid i å forbetre tenesta. Intervensjonen skal gjennomførast i 4 sjukeheimar og 4 kommunale heimetenester. Prosjektet skal bidra til opplæring av leiarar, gje dei verktøy og kompetanse, og har potensiale til positivt å påverke reduksjon av pasientskader, biverknader og helsekostnader i eit nasjonalt og internasjonalt perspektiv. Dei norske resultata skal samanliknast med resultat frå ein tilsvarande studie i Nederland.

Prosjektet er leia av Universitetet i Stavanger (Siri Wiig). Førde kommune v/USHT er partnar, saman med Songdalen kommune, Helsedir v/Pasient- og brukarombodet i Vestfold og ERASMUS University i Nederland.

Prosjektet har fått tildelt 12 mill frå Norsk Forskingsråd og er i oppstartsfasen. Meir informasjon om prosjektet og USHT si rolle kjem etter kvart. Sjå og informasjon på heimesida til Universitetet i Stavanger.

Prosjektperiode: 2016-2020.

Publisert av Marta Strandos. Sist endra 25.01.2017
bilde av personen: Marta Strandos

Marta Strandos

Arbeidsleiar
Telefon : 57 61 26 54
Mobil: 415 26 416