Det fleirkulturelle stabsfellesskapet i norske sjukeheimar: moglegheiter og utfordringar (MULTICARE).

MULTICARE skal forske på utvikling av, og arbeid i, dei kommunale helse og omsorgstenestene i Noreg med særskilt fokus på arbeid som ein integrerings- og inkluderingsarena for innvandrarar.

Prosjektet skal sjå på korleis sjukeheimar organiserer omsorgsarbeidet, tenestene og den multikulturelle staben. Sentrale spørsmål er:

  • Kva typar av utfordringar og moglegheiter, organisatoriske, sosiale og eksistensielle, erfarast av ulike aktørar i multikulturelle arbeidsfellesskap ved norske sjukeheimar?
  • Kva praksisar, rutinar eller tiltak finst det på ulike nivå som er retta direkte mot desse utfordringane og moglegheitene?

Prosjektet har fire arbeidspakkar med følgjande forskingsfokus;

  1. Rekrutterings- og inkluderingspraksiser ved sjukeheimer i rurale og urbane strøk
  2. Leiarskap og praksisar kring integrering av etniske minoritetar i arbeidsfellesskapa.
  3. Kunnskap og trening av leiarar for multikulturell stab.
  4. Kommunikasjon av og praksisar knytt til pasientars død i eit multikulturelt og multireligiøst arbeidsfellesskap.

MULTICARE er eit forskingsprosjekt finansiert av Noregs Forskingsråd (NFR) gjennom programmet HELSEVEL. Prosjektet er leia av Senter for omsorgsforsking vest ved Høgskulen på Vestlandet, og er eit samarbeidsprosjekt med deltakande forskarar frå Senter for omsorgsforsking (vest og aust), Uni Research Rokkan, Universitetet i Stavanger, Stavanger Universitetssjukehus og The Netherlands Institute for Health Service Research (NIVEL). Utviklingssenter for sjukeheim og heimetenester i Sogn og Fjordane og Utviklingssenter for sykehjem og hjemmetjenester i Oppland er samarbeidspartnarar i prosjektet.

Prosjektperiode: 2016-2019

bilde av personen: Marta Strandos

Marta Strandos

Arbeidsleiar
Telefon : 57 61 26 54
Mobil: 415 26 416