KONTAKTnett - nytt forskingsprosjekt innan demens

Førde kommune har fått støtte frå Regionalt Forskingsfond Vestlandet til å utvikle eit nettverksverktøy retta mot pårørande til personar med demens. Partnarar i prosjektet er Høgskulen på Vestlandet, Institutt for helsefag Førde (prosjektleiar for prosjektet er professor Siri Ytrehus), Forskingsstiftinga Norske Regnesentral og firmaet Conexus som utviklar læringsverktøy.

Målet er å utvikle eit IKT- støtte verktøy for nettverksbygging, læring og kommunikasjon blandt pårørande til personar med demens.

 

Pårørande spelar ei heilt sentral rolle i omsorga for personar med demens og er ofte heilt avgjerande for at den eldre kan halde fram med å bu i eigen heim. Styresmaktene tilrår i dag at dei offentlege tenestene skal legge til rette for eit godt samarbeid med hjelp og støtte til pårørande.

 

Nettverksverktøyet skal være tilpassa pårørande som er geografisk spreidd. Ein fast struktur for tidleg kunnskap og informasjon til heile det personlege nettverket vil gjere samarbeid og avlastning i nettverket lettare gjennom heile omsorgsløpet. Dette til fordel for både dei pårørande, personen med demens og dei offentlege tenesteytarane.

 

Prosjektperiode: September 2017 til Mars 2020.