Tema for fagdagen er ernæring.

Tid: Torsdag 1. november 2018 kl 09.00-15.00

Stad: Thon Hotel Jølster, Skei

Pris: kr 200,- pr deltakar. Det er bindande påmelding. Faktura blir sendt ut i etterkant.

Påmeldingsfrist: 19. oktober.

Programmet og foilar frå presentasjonane finn du i høgremenyen

Tema på samlinga var ernæring.

Fagnettverket innan eldremedisn/eldreomsorg har "Akutt funksjonssvikt" som overordna tema i 2017. Ernæring var fokus på fagdagen i 26. oktober. Det var 42 deltakarar frå kommunehelsetenesta i Sogn og Fjordane og Helse Førde. I tillegg til helsepersonell deltok fleire tilsette ved kjøkkena i kommunane.

Presentasjonane ligg i høgre menyfelt.

58 deltakarar frå 15 kommunar i Sogn og Fjordane og frå Helse Førde møtte på samlinga som hadde tema "Akutt funksjonssvikt".

Fagnettverket hadde samling 27.oktober. Samtykke, samtykkekompetanse og bruk av tvang var hovudtema, men arbeidet med pasienttryggleik kring legemiddelbruk var også ein viktig del av dagen.

Utfrå engasjementet til dei 56 frammøtte var tema svært aktuellle.

Fagnettverket er inne i sitt andre driftsår. Vi held fram med det overordna tema "Medikamentbruk blant eldre med vekt på multifarmasi". Fagdagen 10. mars viste at det framleis er god interesse - 69 deltakarar frå 17 kommunar og 3 avdelingar ved Helse Førde. 

Oversikt samliing 10.sep.2015

Den andre fagdagen i nettverket vart halden på Skei 10.sept 2015, med 82 deltakarar frå 19 kommunar og 4 avd i Helse Førde. Tema for 2015 er «Medikamentbruk blant eldre med vekt på multifarmasi», og programmet (PDF, 312 kB) på denne samlinga var ei blanding av faglege tema og forbetringsarbeid.

 

 

Pasienttryggleiksprogrammet

Torsdag 16. april var det oppstart og første fagdag i nettverket. Tema for samlingane i 2015 er medikamentbruk blant eldre. Pasienttryggleik og samhandling er sentrale deler av dette.