Systematisk oppfølging etter demensdiagnose

Den demenssjuke og pårørande skal vite kven dei kan kontakte i kommunen, og vere trygge på at dei blir følgt opp gjennom heile sjukdomsforløpet.

Dette er eit interkommunalt prosjekt mellom Førde, Jølster, Naustdal og Gaular der det skal utviklast ein felles modell for korleis komme tidleg i kontakt med den demenssjuke og pårørande, og sikre systematisk oppfølging etter demensdiagnosen. 

Prosjektet er tildelt midlar frå Helsedirektoratet. Førde kommune er prosjekteigar og prosjektleiing er lagt til USHT. Utviklingsprosjektet inngår som ein del av arbeidet fram mot kommunesamanslåinga i 2020.

Tiltaka i prosjektet:

  • Formidle kunnskap og spreie informasjon om demenssjukdom og kommunale tilbod
  • Kjennskap til lokale utfordringar, behov for oppfølging og støtte hos den demenssjuke og pårørande
  • Utarbeide prosedyrar for kommunale tenester - føreseielege tenestereiser
  • Demenskoordinator / demensteam i kvar kommune, med forslag om organisering etter 2020
  • Systematisk oppfølging etter diagnose: utarbeide, prøve ut og implementere "Tiltakspakke demens" 

 

Prosjektperioden er frå januar 2017 til desember 2018.

Kontaktperson: Prosjektleiar Oddlaug Wergeland Kvame,                                                                                    epost : oddlaug.wergeland.kvame@naustdal.kommune.no , tlf 97 75 52 10