Førde Helsetun

Pårørandeskulen er eit kurstilbod til deg som er pårørande eller har nær relasjon til ein person med demens. Gjennom faglege førelesningar og samtaler får du kunnskap og innsikt i kva følgjer sjukdomen kan ha for personar som lever med demens, pårørande og familie. Du treff òg andre i same situasjon og fagpersonar med kompetanse på området.

Førde kommune har gjennomført eit utviklingsarbeid knytt til involvering og støtte til pårørande i sjukeheim og heimetenester. Overordnda mål har vore å utvikle tiltak som anerkjenner og støttar pårørande og betrar samspelet mellom den offentlege og den uformelle omsorga. Vi ønskjer å auke og samordne kunnskapen om pårørande slik at vi betre kan trekke i same retning og utvide forståinga av pårøranderolla. Pårørande er ikkje ein person, nettverk med familie, slekt, naboar er å forstå som pårørande og er av betydning.

Fann du det du leita etter?
 
 
Login for redigering