Evaluering av traineeprosjekt for sjukepleiarar

Rapporten som omtalar funna frå evalueringa av traineeprosjektet er no publisert. Resultata vart presentert på Fjordkonferansen i Ålesund 21.-22. juni. Prosjektet er eit samarbeid mellom Helse Førde, kommunane Førde og Flora, og Høgskulen på Vestlandet. Eit traineeprogram for sjukepleiarar som går på tvers av kommune- og spesialisthelseteneste, er så langt vi kjenner til, det einaste av sitt slag i landet.

Oppsummert viser evalueringa at traineeane

  • har fått auka samhandlingskompetanse og større forståing for heilskapen i helsevesenet
  • vert fagleg og personleg tryggare
  • rapporterar høg grad av individuell læring

Ei runde med traineeprogram er for lite til at ein kan seie at samhandlinga mellom tenestenivåa er vesentleg betra, men det er semje om at eit slikt program vil vere eit godt bidrag på sikt. Det er samstundes eit potensiale i avdelingane å nytte kunnskapen traineeane har tileigna seg.

Ordninga med eit traineeprogram for nyutdanna sjukepleiarar er over i drift frå 2017.

Traineeprogram for sjukepleiarar


Det nye traineeprogrammet for sjukepleiarar fekk fin omtale i laurdagutgåva av Firda 16. august  og i Fylkesmagasinet 21. august 2014.

Traineeprogrammet er eit samarbeid mellom Flora kommune, Førde kommune, Helse Førde, Høgskulen i Sogn og Fjordane og Utviklingssenter for sjukeheim og heimetenester, og startar ein pilot januar 2015.


 

Traineeprogrammet er eit samarbeidsprosjekt for å utvikle eit gjensidig, systematisk traineeprogram for nyutdanna sjukepleiarar i kommune- og spesialisthelsetenesta.