Palliativt team, Helse Førde

Det var 67 deltakarar på kurset der målgruppa var helsepersonell i primær- og spesialisthelsetenesta. Målsettinga med kurset var å bidra til auka kompetanse om palliasjon i form av kartlegging, symptomlindring, behandling og omsorg for alvorleg sjuke og døyande, samt deira pårørande.

Førde kommune har i 2015 og 2016 fått tildelt midlar frå Helsedirektoratet for kompetansehevande tiltak i lindrande behandling og omsorg for døande. Kommunen har i samarbeid med USHT starta opp eit kvalitetsforbetrings-prosjekt innan temaet.