"ABC Musikkbasert miljøbehandling" er eit opplæringstilbod som integrerer musikk, song og bevegelse i miljøbehandling. USHT arrangerer fagseminar for oppstart av denne ABC-permen:

Stad: Scandic Sunnfjord Hotel, Førde (NB! Var opprinneleg planlagt på Thon Hotel Jølster)

Dato: 26.sep., kl 10:00 til 16:00

Påmeldingsfrist: 5.sep.

Felles påmelding frå kvar kommune, på e-post til Marta Strandos: mast@forde.kommune.no

For 2018 har vi planlagt felles oppstart i Sogn og Fjordane for ei rekke permar. Om kommunane ynskjer oppstart av andre permar enn dei som er skissert her, tek ABC-kontakten direkte kontakt med utviklingssenteret. 

Det er ABC-kontakten sitt ansvar å vidareformidle informasjon om ABC-opplæring, og drøfte eventuell oppstart med leiarane i sin kommune. 

Fagseminar 2 vart avvikla på Sandane 21.nov. for vel 30 deltakarar, og i Førde 22.nov. med 70 deltakarar. Cato Brunvald Ellingsen var føredragshaldar begge dagane. Presentasjonen hans finn du i høgremenyen.

 

"Glimt" - Astrid Wittersø

Nettverket Miljøbehandling i eldreomsorga inviterte til fagdag med musikk som hovudtema onsdag 27. september på Skei i Jølster. Vi tilbydde to seminar der det eine var oppstartsseminar for ABC Musikkbasert miljøbehandling.

På "Den gode samtalen" møtte 49 deltakarar frå 14 kommunar.

På ABC Musikkbasert miljøbehandling deltok 39 tilsette frå 4 kommunar.

Etter stor pågang arrangerer vi nytt oppstartseminar i ABC-permen "Musikkbasert miljøbehandling". Dette er eit opplæringstilbod som integrerer musikk, song og bevegelse i miljøbehandling. Denne gongen opnar vi for at kommunar som IKKJE har gjennomført anna ABC-opplæring også får delta. 

Stad: Jølster hotell, Skei

Tid: 27.sep., kl 10:00 til 15:30

Utvida frist for påmelding til 14.sep.

Mitt livs ABC

"Mitt livs ABC" er ein ny undervisningsperm frå "Aldring og helse" der målgruppa er alle tilsette som yter tenester til born, unge, vaksne og eldre med utviklingshemming.

Våren 2017 starta omlag 120 tilsette i 10 kommunar opp med permen, og no ynskjer fleire kommunar å gå i gang. 

USHT Sogn og Fjordane vil i samarbeid med Vaksenhabilitering i Helse Førde og Flora kommune difor tilby to nye oppstartseminar hausten 2017.

Gloppen kommune ynskjer å starte opp med basispermen "Aldring og omsorg" på ny-året i 2017. Er det andre kommunar i Nordfjord som også ynskjer å delta så ta kontakt med utviklingssenteret ved Anita.

 

Psykiske sykdommer i  eldre år

Hausten 2016 planlegg Førde kommune å starte opp ABC-programmet " Psykiske sykdommer i eldre år". Dersom det er fleire kommunar som vurderer å starte opp med denne permen så ta kontakt med oss i utviklingssenteret. 

 Våren 2016 har 3 kommunar starta opplæringsløpet i Eldreomsorgens ABC.