Demensomsorgas ABC / Eldreomsorgas ABC / Mitt livs ABC

Studiepermar - Klikk for stort bilete Eldreomsorgens ABC (Aldring og helse) - Klikk for stort bilete

Dette er ein opplæringsmodell som tek sikte på å heve kompetansen i pleie- og omsorgstenestene i kommunane innan eldreomsorg, men også i høve brukargrupper som t.d. menneske med psykisk utviklingshemming.

Nasjonalt kompetansesenter for Aldring og helse

Nasjonalt kompetansesenter for Aldring og helse har utvikla studiematerialet og har ansvar for å koordinere arbeidet med spreiing og gjennomføring av opplæringa. Dette blir gjort i nært samarbeid med Fylkesmannen og regionale kompetansemiljø. I Sogn og Fjordane er det utviklingssenteret som koordinerar ABC-aktiviteten.
 

ABC-modellen

I denne studiemodellen les deltakarane studiehefter og møtast i sjølvstyrde, tverrfaglege studiegrupper for å løyse refleksjonsoppgåver. I tillegg blir det gjeve to dagsseminarer per studieperm. Studiehefta er samla i permar som er berekna på eitt års studiearbeid.

Les meir på nettsidene til Nasjonal kompetansetjeneste for Aldring og Helse. Her finn du informasjon om dei ulike opplæringsløpa. Brosjyrer med informasjon om basispermane; Demensomsorgas ABC og Eldreomsorgas ABC, og med tilhøyrande fordjupningspermar, kan også lastast ned.

 

bilde av personen: Toril Marie  Terum

Toril Marie Terum

Utviklingskoordinator
Mobil: 996 10 534